Bassenthwaite Lake | |||
innsjø | |||
View from Blackstock Point
| |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Tilsig | Derwent Newlands Beck | ||
Utløp | Derwent | ||
Nedslagsfelt | 237 km² | ||
Høgd over havet | 68 moh. | ||
Lengd | 6,4 km | ||
Breidd | 1,3 km | ||
Areal | 5,1 km² | ||
Største djupn | 21 m | ||
Kystlengd1 | 18,2 km | ||
Koordinatar | 54°39′N 3°13′W / 54.650°N 3.217°W | ||
Øyar | 0 | ||
![]() Bassenthwaite Lake 54°39′07″N 3°12′54″W / 54.652°N 3.215°W | |||
Wikimedia Commons: Bassenthwaite Lake | |||
1 Kystlengd er eit unøyaktig mål som kanskje ikkje er standardisert for denne artikkelen. |
Bassenthwaite Lake er ein av dei største innsjøane i Lake District i England. Han er lang og smal, om lag 6,4 km lang og 1,3 km brei, men særs grunn, på det djupaste berre 21 meter.
Han er den einaste innsjøen i Lake District som har ordet lake i namnet. Elva Derwent renn gjennom innsjøen. Innsjøen ligg ved foten av Skiddaw, nær byen Keswick.
Vegen A66 går om lag frå nord til sør langs vestsida av innsjøen. Møteplassane langs vegen er populære stoppestader for fotografar og fuglekikkarar som ser etter fiskeørn.