Beatmusikk | |||
| |||
Stilmessig opphav | |||
---|---|---|---|
Kulturelt opphav | Seint i 1950-åra – tidleg 1960-åra i Storbritannia | ||
Typiske instrument | |||
Avleidde former | |||
Undersjangrar | |||
Freakbeat |
Beatmusikk, britisk beat eller Merseybeat (etter band frå Liverpool og det nærliggande området ved Merseyelva) er ein pop- og rockesjanger som utvikla seg i Storbritannia tidleg i 1960-åra. Beatmusikk er ei blanding av rock and roll (hovudsakleg gitarstilen til Chuck Berry og tempoet til artistar som Buddy Holly), doo-wop, skiffle og R&B. Sjangeren var opphavet til mange av banda i den britiske bølgja som herja dei amerikanske poplistene frå 1964, og vart ein modell for mange viktige utviklingar innan pop og rock, som formatet i rockegruppa med solo- og rytmegitar, bassgitar og trommer.