«Beautiful Dreamer» | |
![]() Første utgåve | |
Musikk av | Stephen Foster |
---|---|
Publisert | New York: Wm. A. Pond & Co. (Mars 1864) |
Skriven | 1862(?) |
Språk | engelsk |
Form | strofisk |
«Beautiful Dreamer» er ein salongsong av Stephen Foster (1826–1864). Han vart publisert posthumt i mars 1864, av Wm. A. Pond & Co. frå New York. Den første utgåva seier på tittelsida at det er «den siste songen Stephen C. Foster nokon sinne skreiv. Komponert nokre få dagar før han døydde.»[1] Carol Kimball, som skreiv Song, peikar på at den første utgåva er datert til 1862, som indikerer at songen vart skriven og gjort klar for publisering to år før Foster døydde. Det finst minst 20 songar, skriv ho, som det vert hevda var den siste Foster skreiv, og det er ukjend kva for nokre av desse det er. Songen er skriven i 9/8-takt med eit brote akkordakkompagnement.[2][3]
Songen fortel om ein mann som syng til ein «Beautiful Dreamer» (vakker draumar) som ikkje bryr seg om kva som skjer i verda og som kanskje kan vere død. Songane til Foster hadde ofte med unge, døde kvinner, inkludert syster hans Charlotte[3] and «Jeanie".[2] Helen Lightner skriv «Denne sentimentale balladen er viseaktig i karakter med sin repeterande, men vedunderlege melodi og det grunnleggjande harmoniske akkompagnementet. Den rolege stemninga kjem fram i monotonien i det arpeggio-spelte akkompagnementet, dei gjentakande melodimønstra og den strofiske forma.»[4]