Beautiful Night Singel av Paul McCartney frå albumet Flaming Pie | ||
B-side |
«Love Come Tumbling Down» (berre 7") | |
---|---|---|
Utgjeve | 15. desember 1997 | |
Innspelt | 13. mai 1996 | |
Studio | Sussex og Abbey Road Studios | |
Sjanger | Rock | |
Lengd | 5:03 | |
Selskap | EMI, Parlophone | |
Låtskrivar(ar) | Paul McCartney | |
Produsent | Paul McCartney, Jeff Lynne | |
Paul McCartney-kronologi | ||
«The World Tonight» (1997) |
Beautiful Night | Rushes (The Fireman) (1999)
|
«Beautiful Night» er ein song av Paul McCartney frå 1997 på albumet Flaming Pie. I desember 1997 vart han gjeven ut som den tredje og siste singelen frå albumet, og nådde 25. plassen på UK Singles Chart.[1]
Songen vart opphavleg spelt inn i august 1986 i New York City. Denne versjonen kan høyrast på CD-singelen som ein del av «Oobu Joobu»-delen.
Songen var det første av to samarbeid mellom McCartney og Ringo Starr på Flaming Pie (den andre var «Really Love You») og songen vart orkestrert av George Martin. Innspelinga var i Abbey Road Studios.