Bedfordshire | |||
grevskap | |||
Land | England | ||
---|---|---|---|
Region | Aust-England | ||
Grunnlagd | Historisk | ||
Status | Seremonielt grevskap | ||
Bedfordshire 52°05′00″N 0°25′00″W / 52.083333333333°N 0.41666666666667°W | |||
Kart som viser Bedfordshire.
| |||
Wikimedia Commons: Bedfordshire |
Bedfordshire er eit grevskap i England og ein del av regionen Aust-England. Grevskapet har kring 600 000 innbyggjarar.
Det grensar til Cambridgeshire i nordaust, Northamptonshire i nord, Buckinghamshire i vest og Hertfordshire i søraust.
Det høgaste punktet i grevskapet er Dunstable Downs på 243 meter over havet i Chilterns.
Det tradisjonelle kallenamnet på folket frå Bedfordshire er «Bedfordshire Bulldogs» eller «clangers». Det siste kjem frå ein lokal matrett som består av ein smultbolle fylt med kjøt eller syltetøy eller begge delar.