Before and After Science

Before and After Science
Studioalbum av Brian Eno
Språk engelsk
Utgjeve Desember 1977
Innspelt Basing St Studios i London
Conny's Studio i Köln[1]
Sjanger Kunstrock
Lengd 39:30
Selskap Polydor
Produsent Brian Eno, Rhett Davies
Kritikk
Brian Eno-kronologi 
Discreet Music
(1975)
Before and After Science Music for Airports
(1978)


Before and After Science er det femte studioalbumet til den britiske musikaren Brian Eno. Det var produsert av Eno og Rhett Davies, og kom opphavleg ut på Polydor Records i desember 1977. I motsetnad til dei førre albuma til Eno, som skrivne og innspelte raskt, tok dette albumet over to år å gjere ferdig. Fleire gjestemusikarar frå Storbritannia og Tyskland deltok på albumet, mellom andre medlemmar frå Roxy Music, Free, Fairport Convention, Can og Cluster. Det vart skriven over 100 songar for albumet, men berre ti av dei kom med på den endelege utgåva. Musikkstilen varierer frå energetisk og skarp til meir slapp og landleg.

Dette var det siste albumet til Eno med rockemusikk i 1970-åra som soloartist, medan resten av albuma hans dette tiåret retta seg mot avantgarde og ambient musikk, som får hint om på den andre halvdelen av Before and After Science. Albumet var det andre til Eno som gjekk inn på salslista i USA. Songen «King's Lead Hat» vart gjeven ut som singel, men nådde ikkje lista i Storbritannia. Albumet har fått positiv kritikk og vert trekt fram som eit av dei beste til Eno.

  1. (1977) Plateomslagstekst for Before and After Science av Brian Eno [Vinyl back cover]. Island (ILPS-9478).
  2. Ross Smith, David. «Before and After Science album review». Allmusic. Henta 29. mai 2009. 
  3. Wolk, Douglas (2004). «Blender: Brian Eno (various reissues)». Blender. Arkivert frå originalen 6. august 2004. Henta 23. april 2011. 
  4. Christgau, 1990. p.127
  5. «Brave New Eno: Before and After Science». Crawdaddy! (84): 64. May 1978. «Brian Eno is an agent from some other time and some other place who seems to know something that we don't but should...I can't remember the last time a record took such a hold of me—and gave such an extreme case of vertigo, too.)» 
  6. «Record Reviews: Before and After Science». Down Beat (45): 36. 13 juli 1978. «What a wonderland of a zoo, a cross between steaming smoke, atonal mystery and hanging, frothy ditties...This is another typically awesome, stunning, numbing Brian Eno album—the record Pink Floyd could make if they set their collective mind to it.)» 
  7. «Pitchfork: Brian Eno: Here Come the Warm Jets / Taking Tiger Mountain (By Strategy) / Another Green World / Before and After Science». Pitchfork Media. June 13, 2004. Henta 31. mai 2009. 
  8. Davidson, John (July 29, 2004). «Brian Eno: Before and After Science [reissue] - PopMatters Music Review». Popmatters. Henta 30. mai 2009. 
  9. Carson, Tom (May 18, 1978). «Before and After Science album review». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 19. juni 2009. Henta 23. april 2011. 
  10. Weisbard & Marks, 1995. s.129
  11. «Stranded: Before and After Science - Article - Stylus Magazine». Stylus Magazine. Arkivert frå originalen 20. juni 2009. Henta 23. april 2011. 

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne