Beinlabyrint

Høgre beinlabyrint sett frå sida
Høgre beinlabyrint sett frå innsida

Beinlabyrinten (av latin labyrinthus osseus) er den harde og beinete ytterveggen i det indre øyret. Den er samansett av eit hòlrom, fleire semisirkulære kanalar og sniglehuset. Dette er hòler i knokkelen som er fôra med periost. Dei inneheld ei klar væske, perilymfe, og i denne ligg den vesle hinnelabyrinten.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne