Beinmerg

Ei forenkla skisse av celler i beinmergen
Beinmerg kan moglegvis stamme frå den førhistoriske kjøtfinnefisken Eusthenopteron[1]

Beinmerg eller knokkelmerg (av lat. medulla ossium) er det fleksible vevet på innsida av knoklar. Hjå menneske vert raude blodlekamar produsert av beinmergskjerner i hovudet av lange knoklar i ein prosess kjent som hematopoese. Beinmerg utgjer omkring 4% av den totale kroppsmassen i menneske; eit vakse menneske som veg 65 kilogram har omkring 2,6 kilogram beinmerg. Den hematopoetiske komponenten av beinmerg lagar omkring 500 milliardar blodlekamar kvar dag, som brukar beinmergsblodkara som ei kanalisering for den systemiske sirkulasjonen i kroppen.[2] Beinmerg er òg ein nøkkelkomponent i lymfesystemet, og lagar lymfocyttane som støttar immunsystemet i kroppen.[3]

Beinmergstransplantasjon kan utførast for å behandle alvorlege sjukdommar i beinmergen, inkludert kreftformer som til dømes leukemi. Stamceller frå beinmergen har òg vorte omdanna til funksjonelle nerveceller,[4] og kan potensielt brukast for å behandle sjukdommar som til dømes inflammatorisk tarmsjukdom.[5]

Beinmerg finst i mange ryggbeinsdyr forutanom menneske. Dei fyrste fossile prova har ein funne i Eusthenopteron, ein kjøtfinnefisk som levde i Devontida omkring 370 millionar år sidan, og som har nært slektskap til tidlege firfotingar.[1]

  1. 1,0 1,1 Sanchez S, Tafforeau P and Ahlberg P E (2014) "The humerus of Eusthenopteron: a puzzling organization presaging the establishment of tetrapod limb bone marrow" Proceedings of the Royal Society B: Biological Sciences, 281 (1782): 20140299
  2. doi:10.1089/ten.teb.2009.0352
  3. The Lymphatic System. Allonhealth.com. Henta 5. desember 2011.
  4. «Antibody Transforms Stem Cells Directly Into Brain Cells». Science Daily. 22. april 2013. Henta 24. april 2013. 
  5. «Research Supports Promise of Cell Therapy for Bowel Disease». Wake Forest Baptist Medical Center. 28. februar 2013. Arkivert frå originalen 8. august 2017. Henta 5. mars 2013. 

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne