Beirut | |||
بيروت Beyrouth | |||
by | |||
|
|||
Motto: Berytus Nutrix Legum (Latin: Beirut, mor til rettsvesenet) | |||
Land | Libanon | ||
---|---|---|---|
Guvernement | Beirut | ||
Høgd | 0 moh. | ||
Areal | 20 km² | ||
Folketal | 2 421 354 (2023) | ||
Tidssone | +2 | ||
Retningsnummer | 961 | ||
Beirut 33°53′13″N 35°30′47″E / 33.886944444444°N 35.513055555556°E | |||
Wikimedia Commons: Beirut |
Beirut[a] er hovudstaden og den største byen i Libanon. Byen ligg på ei halvøy midt på middelhavskysten til Libanon, og er den største hamnebyen i landet. Han vart først nemnd i Tell el Amarna-breva frå Egypt kring 1400-talet fvt. Byen har vore kontinuerleg busett sidan den gong. Beirutelva renn frå sør til nord langs austkanten av byen.
Beirut er regjeringssetet i Libanon og spelar ei sentral rolle i libanesisk økonomi med mange bankar og føretak basert i Beirut sentrum, Hamragata, Rue Verdun og Ashrafieh. Etter øydeleggingane under den libanesiske borgarkrigen har kulturlandskapet i Beirut endra seg stort med mykje utbygging.[2][3][4] Basert på reknskapsføring, marknadsføring, finans og rettsvesen, er Beirut av Globalization and World Cities Research Network rangert som ein Beta World City.[5]
Referansefeil: <ref>
-merke finst for gruppenamnet «lower-alpha», men inkje samsvarande <references group="lower-alpha"/>
-merke vart funne