Bekaadalen | |||
dal | |||
Qaraounsjøen i Beqaadalen
| |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Koordinatar | 34°00′32″N 36°08′43″E / 34.00889°N 36.14528°E | ||
![]() Bekaadalen 34°00′32″N 36°08′43″E / 34.008888888889°N 36.145277777778°E | |||
Wikimedia Commons: Beqaa valley |
Bekaadalen eller Beqaadalen (arabisk وادي البقاع, Wādī l-Biqā‘, libanesisk [bʔaːʕ], òg skrive Bekaa, Biqâ eller Becaa; armensk Բեքայի դաշտավայր) er eit grøderikt dalføre aust i Libanon. Han ligg aust for Libanonfjella og vest for Anti-Libanonfjella. To elvar renn gjennom dalen, Litani og Orontes. Han er den nordlegaste delen av den afrikanske Riftdalen. For romarane var Beqaadalen ei viktig jordbrukskjelde, og i dag er dalen det viktigaste jordbruksområdet i Libanon.[1]
Beqaa ligg kring 30 km aust for Beirut og mellom Libanonfjella i vest og Anti-Libanonfjella i aust. Han utgjer den nordaustlege forlenginga av Jordandalen, som strekkjer seg frå Syria til Raudehavet. Beqaadalen er kring 120 km lang og i snitt kring 15 km brei. Han har middelhavsklima med våte, og ofte snørike, vintrar og tørre, varme somrar. Regionen får avgrensa nedbør, særleg i nord, fordi Libanonfjella skapar ein regnskugge som blokkerer fuktig luft frå havet. Den nordlege delen av dalen får kring 230 mm i året, medan den sentral delen av dalen får 610 mm. To elvar spring ut i dalen: Orontes (Asi), som flyt nordover og inn i Syria og Tyrkia, og Litani, som flyt sør og så vest til Middelhavet.
Frå det første hundreåret fvt., då regionen var ein del av Romarriket, var Beqaadalen ei stor kornkjelde for den romersk provinsen Levanten. I dag utgjer dalen 40% av den dyrkbare marka i Libanon. Nordenden av dalen som får lite nedbør og har mindre frodig jordsmonn, blir hovudsakleg nytta til beitemarker, hovudsakleg av innflyttarar frå Den syriske ørkenen. Lenger sør, gjev det frodig jordsmonnet høve for avlingar av kveite, mais, bomull og grønsaker, med vinrankar og frukthagar kring Zahlé. Det vert òg produsert hasj og opiumsvalmue, som vert eksportert som ein del av den ulovlege narkotikahandelen. Sidan 1957 har Litani vassenergiprosjekt - ei rekkje kanalar og ei demning ved Qaraounsjøen i sørenden av dalen, gjort tilhøva for kunstig vatning betre for gardane i Beqaadalen.
<ref>
-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet Globaleye