Bekka Bramlett | |||
Fødd | 19. april 1968 (56 år) | ||
---|---|---|---|
Fødenamn | Rebekka Ruth Lazone Bramlett | ||
Opphav | USA | ||
Aktiv | 1973 til i dag | ||
Sjanger | Rock, pop, country | ||
Instrument | vokal | ||
Tilknytte artistar | Fleetwood Mac, Faith Hill, Delaney & Bonnie | ||
Verka som | Songar-låtskrivar | ||
Mor | Bonnie Bramlett | ||
Far | Delaney Bramlett |
Rebekka Ruth Lazone «Bekka» Bramlett (fødd 19. april 1968) er ein songar frå USA. Ho er dotter av den populære duoen Delaney & Bonnie.
Bekka Bramlett var medlem i bandet til Mick Fleetwood, The Zoo (1991–92) og Fleetwood Mac (1993–95), countryduoen Bekka & Billy med Billy Burnette (1996–98), og har gjeve ut eit soloalbum i 2002.
I dag er ho studiomusikar, låtskrivar og korvokalist og har arbeidd med mange artistar, som Faith Hill, Robert Plant, Warrant, Trace Adkins, Faster Pussycat, Buddy Guy, Vince Gill og Sam Moore.