Bennie and the Jets Singel av Elton John frå albumet Goodbye Yellow Brick Road | ||
B-side |
«Harmony» | |
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 4. februar 1974 | |
Sjanger | Glamrock | |
Lengd | 5:23 | |
Selskap | MCA (US/Canada) DJM Records | |
Komponist | Elton John | |
Tekstforfattar | Bernie Taupin | |
Låtskrivar(ar) | Elton John, Bernie Taupin | |
Elton John-kronologi | ||
«Candle in the Wind» (1974) |
Bennie and the Jets | «Don't Let the Sun Go Down on Me» (1974)
|
«Bennie and the Jets» er ein song av Elton John med tekst av Bernie Taupin.[1] Songen vart først gjeven ut på Goodbye Yellow Brick Road i 1973 og vart året etter gjeven ut som singel.
Songen fortel om «Bennie and the Jets», eit fiktivt band som Elton John visstnok var tilhengjar av. I intervju har Taupin fortalt at teksten er eit satirisk syn på musikkindustrien i 1970-åra.
Elton John var imot at songen skulle ut på singel, sidan han trudde han ville gjere det dårleg, men han vart mykje spelt på radio i USA og gjekk til slutt heilt til topps der i 1974. Singelen selde til gullplate same året og til platina i 1995. Songen gjekk òg til topps i Canada.
Axl Rose, frå Guns N' Roses, har sagt at det var «Bennie and the Jets» som inspirerte han til å verte songar. Han song sidan songen i lag med Elton John på the Freddie Mercury Tribute Concert i 1992.