Berberis | |
![]() | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Rekkje: | Karplantar Tracheophytes |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Ranunculales |
Familie: | Berberisfamilien Berberidaceae |
Underfamilie: | Berberidoideae |
Stamme: | Berberideae |
Slekt: | Berberis L., 1753 |
Berberis er ei planteslekt i berberisfamilien. Til slekta høyrer 450-480 artar. Dei er normalt busker med runde eller omvendt eggforma blad, oftast med piggar på greinene.
Berberis er mykje nytta som prydbuskar i hagar og som parkplanter.
Dei veks vilt i subtropane inkl Japan, New Zealand, Asia, Europa og Sør-Amerika. Dei dannar 1-2 meter høge buskar. Berberis er i nær slekt med Mahonia, som òg høyrer berberisfamilien.
Piggane er 3-30 mm lange. Ofte har buskane lange, stive kvistar som veks rett oppover eller ut i vifteform.
Dei mest kjente artane er:
I Iran dyrkar ein berberis-artar (særleg B. vulgaris) som gir ei frukt som blir tørka, kalla zereshk. Den blir dyrka saman med og hausta samstundes med safran.