Bergen stasjon

Bergen stasjon


Stasjonsområde
Stad Bergen
Høgd 3,9 moh.
Opna 1913
Arkitekt Jens Zetlitz Monrad Kielland
Linjer og rutedrift
Linje(r) Bergensbanen
Eigar(ar) Bane NOR Eiendom
Overgang
Bybane Bybanen i Bergen
Kart
Bergen stasjon
Toghallen på Bergen stasjon.
Toghallen på Bergen stasjon er no den einaste i sitt slag i Noreg.

Bergen stasjon ligg i Bergen sentrum, og vart opna i 1913, fire år etter at Bergensbanen var opna på heile strekninga mellom Bergen og Oslo. Stasjonen vart teikna av Jens Zetlitz Monrad Kielland, etter at ein arkitektkonkurranse vart utlyst i 1900, og erstatta den tidlegare jarnbanestasjonen i Bergen, som var teikna og bygd for Vossabanen. I 2003 vart Bergen stasjon freda ved forskrift.

Bergen stasjon, som er endestasjonen for Bergensbanen, er ein såkalla «sekkestasjon». Stasjonsbygningen har symmetrisk grunnplan forma som ein U ikring enden av spora, med toghallen mellom. Toghallen er ein boga fagverkskonstruksjon i stål med store overlysfelt, og har elles taktekking av skiferstein frå Voss. To plattformer strekker seg ut frå toghallen, og er utanfor denne dekt av smale glastak som kviler på Y-forma stålstolpar.

Dei utvendige fasadane på stasjonsbygingen er i gneis frå Skreien i Vaksdal kommune, og taket er tekt med vossaskifer.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne