60°23′57.948″N 5°19′7.3668″E / 60.39943000°N 5.318713000°E
Bergenhus festning | |||
| |||
Bygg på Bergenhus. Håkonshallen til venstre, Rosenkrantztårnet til høgre. Foto: Nina Aldin Thune | |||
![]() Bergenhus festning 60°23′59″N 5°19′03″E / 60.39972°N 5.3175°E |
---|
Bergenhus festning ligg i innseglinga til Vågen i Bergen. Bergenhus er ein av dei eldste og best bevarte festningane i Noreg.
Det mest korrekte namnet på Bergenhus er eigentleg Bergenhus slott, sidan det har vore kongebustad og norsk administrasjonssentrum då Bergen var hovudstad i Noreg. Nemninga -hus i slike tilfelle tyder «befesta slott».
Festninga omfattar området mellom Koengen i aust, Bradbenken i sør, Festningskaien i vest og Bontelabo i nord. Området blei bygd opp som festning frå 1200-talet av.