Berkshire | |||
grevskap | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Region | Søraust-England | ||
Areal | 1 262 km² | ||
Folketal | 812 200 (2005) | ||
Grunnlagd | Historisk | ||
Status | Ikkje-metropolitansk og seremonielt grevskap | ||
![]() Berkshire 51°25′N 1°00′W / 51.42°N 1°W | |||
Wikimedia Commons: Berkshire |
Berkshire er eit grevskap søraust i England. Det vert ofte kalla Royal County of Berkshire sidan kongebustaden Windsor Castle ligg i grevskapet. Dette namnet, som går tilbake til 1800-talet, vart anerkjend av dronninga i 1958 og stadfesta i 1974.[1]
Berkshire grensar til grevskapa Oxfordshire, Buckinghamshire, Surrey, Wiltshire og Hampshire og vert vanlegvis rekna som eit av «home counties». Under grensendringane i 1995 fekk grevskapet òg grense til Greater London.[2]
Historisk var hovudbyen Abingdon, men i 1867 vart byen Reading - som då var mykje større - den nye hovudbyen. I 1974 vart Abingdon og fleire andre byar i nordvest av grevskapet flytta til Oxfordshire. I 1998 vart grevskapstyret avskaffa i Berkshire, og det vart eit seremonielt grevskap. Det øvste lokalstyret i Berkshire er no styra i dei seks distrikta i området, Bracknell Forest, Reading, Slough, West Berkshire, Windsor and Maidenhead og Wokingham.[3]