Berlenga Grande

Berlenga Grande er den største av Berlengasøyane i Portugal. Av andre øyar i øygruppa finn ein Estela og Farinhoes.

Berlengasøyane ligg utanfor neset Peniche, vest for byen Peniche i distriktet Leiria. Berlenga Grande har ei lita hamn med båtrute til Peniche. Øya har ei strand og ei festning.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne