Bern

Bern
Berne
hovudstad
Flyfoto av Gamlebyen.
Flagg
Symbol
Land  Sveits
Kanton kantonen Bern
Distrikt Bern-Mittelland
Del av Üechtland
Høgd 542 m
Areal 51,62 km²
Folketal 134 506 (31. desember 2022)[1]
Språk tysk
ISO 3166-2 kode CH-BE
Postnummer 3000
Retningsnummer +41-(31)
Kart
Bern
46°56′53″N 7°26′51″E / 46.94798°N 7.44743°E / 46.94798; 7.44743
Wikimedia Commons: Bern

Bern (fransk Berne) er hovudstaden i Sveits og den fjerde mest folkerike byen i landet (etter Zürich, Basel og Genève) med 140 000 innbyggjarar. Byen vart grunnlagd i 1191. Elva Aare deler byen. Kommunen har 133 920 innbyggjarar (2010) og eit areal på 52 km². Kommunesenteret ligg 542 meter over havet.

Utsyn over Aare.
Den sveitsiske nasjonalforsamlinga i Bern.

Bern er òg hovudstad for den tospråklege (tysk og fransk) kantonen Bern – den nest mest folkerike av Sveits sine 26 kantonar. Kantonen Bern har eit areal på 6049 kvadratkilometer og ca. 937 000 innbyggarar (1990).

Ifølgje segna fekk Bern namnet sett frå at grunnleggjaren av byen felte ein bjørn (tysk Bär) på staden der byen skulle bli bygd. Ein har i fleire hundreår halde bjørnar i fangenskap i Bern, og desse kan ein sjå i bjørnegrotta ved Nydeggbrücke.

Den gamle bydelen i Bern er utnemnd til eit av UNESCO sine verdsarvsområde.

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 https://www.pxweb.bfs.admin.ch/pxweb/en/px-x-0102020000_201/-/px-x-0102020000_201.px/table/tableViewLayout2/.

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne