Best of Bowie Samlealbum av David Bowie | ||
Utgjeve | 22. oktober 2002 | |
Innspelt | 1969–2002 | |
Sjanger | Rock | |
Lengd | 156:20 (britisk versjon) Varierer frå region to region | |
Selskap | ||
Produsent | Varierande | |
David Bowie-kronologi | ||
---|---|---|
Heathen (2002) |
Best of Bowie | Reality (2003) |
Samlealbum av David Bowie-kronologi | ||
All Saints (2001) |
Best of Bowie | Club Bowie (2003)
|
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
AllMusic | ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() |
Blender | ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() |
The Encyclopedia of Popular Music | ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() |
Best of Bowie er eit samlealbum frå 2002 av den engelske musikaren David Bowie. Det kom ut i oktober etter det kritiarroste albumet Heathen som kom ut fire månader tidlegare i juni, med songar attende til det andre albumet hans, David Bowie (1969) og fram til Heathen (2002). Det kom ut 35 år etter debutalbumet hans, David Bowie (1967). I kvar av dei 21 territoria som albumet kom ut hadde albumet ei eiga sporliste, basert på kva songar som var mest populær i desse områda. I fleire land var det to versjonar - ei enkelplate og ei dobbelplate. Alt i alt kom det ut 63 spor fordelt på dei 20 ulike versjonane. Landet utgåva gjaldt for kunne ein sjå på eit lite flagg på ryggen av omslaget, utanom den argentinsk/mexicanske, austeuropeiske og britiske utgåva som var utan flagg. Alle spora er digitalt ommastra anten frå 1999, eller 2002 for singelutgåvene, med unntak av «Under Pressure», som òg har eit lågare volum enn resten av plata.
Det kom ut ei DVD-utgåva av samlinga med 47 musikkvideoar og konsertopptak, i tillegg til alternative versjonar og somme påskeegg. Somme av videoane i samlinga, mellom anna «China Girl», «Loving the Alien» og «Day-In Day-Out» er dei sensurerte versjonane av dei originale videoane.[3]
I starten nådde plata 11. plassen på UK Albums Chart då det kom ut i oktober 2002, men gjekk inn på topp 10 i januar 2016 etter Bowie døydde, og klatra så heilt til toppen av lista, og markerte den 11. førsteplassen Bowie fekk på albumlista i heimlandet. Det vart òg det første albumet som nådde toppen i Storbritannia på grunn av digital strøyming. Best of Bowie har selt til 4x platinaplate i Storbritannia for sal på over 1,2 millionar eksemplar.