Stjerna er klassifisert som ei raud superkjempe med spektralklasse M2Iab og er ein av dei største og mest lyssterke av dei observerbare stjernene. Om Betelgeuse hadde lege i sentrum av solsystemet, ville overflata strekt seg heilt til asteroidebeltet, og kanskje forbi banen til Jupiter. Ho ville dermed ha slukt både Merkur, Venus, jorda og Mars. Estimata av massen til stjerna varierer mykje, og varierer frå 5 til 30 gonger massen til sola. Avstanden frå jorda vart i 2008 estimert til å vere 640 lysår, som gjev ein midla absolutt storleiksorden på kring −6,02. Ho er mindre enn 10 millionar år gammal og har utvikla seg raskt på grunn av den store massen. Stjerna vart kasta bort frå fødestaden i Orion OB1-samanslutninga—som inkluderer stjernene i Orions belte—og flyttar seg i dag gjennom verdsrommet med ein fart på 30 km/s, som skapar ein baugsjokk som er over 4 lysår breitt. Ho er i dag på eit seint stadium i stjerneutviklinga og er venta å eksplodere som ein type II supernova i løpet av dei neste millionar åra. Ein observasjon frå Herschel romobservatorium i januar 2013 avdekte at stjernevinden kræsjar mot det kringliggande interstellare mediet.[14]
I 1920 vart Betelgeuse den andre stjerna (etter sola) som fekk målt vinkelstorleiken på fotosfæren sin. Sidan den gong har forskarar nytta teleksop med forskjellige tekniske parameterar til å måle den enorme stjerna, ofte med motstridande resultat. Studiar sidan 1990 har gjeve ein vinkeldiameter (tilsynelatande storleik) som varierer frå 0,043 til 0,056 bogesekund, noko som kjem av stjerna har ein tendens til å periodevis endre form. På grunn av kantformørking, variabilitet, og vinkeldiameter som varierer med bølgjelengd, kjenner ein ikkje med visse mange av eigenskapane til stjerna. I tillegg til dette er overflata av Betelgeuse dekt av ei kompleks, asymmetrisk kappe som er kring 250 gonger så stor som stjerna, skapt av enorm massetap.
↑ 3,03,1Nicolet, B. (1978). «Catalogue of Homogeneous Data in the UBV Photoelectric Photometric System». Astronomy & Astrophysics34: 1–49. Bibcode:1978A&AS...34....1N.
↑Harper, Graham M.; Brown, Alexander; Lim, Jeremy (April 2001). «A Spatially Resolved, Semiempirical Model for the Extended Atmosphere of α Orionis (M2 Iab)». The Astrophysical Journal551 (2): 1073–98. Bibcode:2001ApJ...551.1073H. doi:10.1086/320215. CS1 maint: Multiple names: authors list (link)