Betlehem

Betlehem
בֵּית לֶחֶם, بيت لحم, Beit Lahm[1], Bayt Lahm
kommune
Betlehem
Namneopphav: ‘Kjøthuset’ (arabisk), ‘Brødhuset’ (hebraisk og arameisk)
Land  Dei palestinske territoria
Guvernement Betlehem guvernement
Koordinatar 31°42′11″N 35°11′44″E / 31.70306°N 35.19556°E / 31.70306; 35.19556
Areal 30 km²
Folketal 25 266  (2007[2])
Bystatus 1995
Borgarmeister Vera Baboun[3]
Kart
Betlehem
31°42′16″N 35°12′22″E / 31.704444444444°N 35.206111111111°E / 31.704444444444; 35.206111111111
Kart som viser Betlehem.
Kart som viser Betlehem.
Kart som viser Betlehem.
Wikimedia Commons: Bethlehem
Nettstad: www.bethlehem-city.org

Betlehem (arabisk بيت لحم, Bayta Laḥm, hebraisk בֵּית לֶחֶם Bēṯ Leḥem, Bet Leḥem) er ein palestinsk by sentralt på Vestbreidda, like sør for Jerusalem, med eit folketal på kring 25 000 innbyggjarar.[4][5] Han er det administrative senteret i Betlehem guvernement i Den palestinske sjølvstyresmakta. Økonomien er hovudsakleg basert på turisme.[6][7]

Ifølgje Det gamle testamentet er Betlehem Davidsbyen og ifølgje Det nye testamentet er Betlehem fødestaden til Jesus. Mellom anna er julesongen «Eit barn er født i Betlehem» laga til minne om denne hendinga. Eit av dei eldste kristne samfunna i verda heldt til i byen, sjølv om talet på dei kristne i byen har minka med åra. Betlehem vart plyndra av samaritanar i 529, men bygd opp att av den bysantinske keisaren Justinian I. Betlehem vart erobra av det arabiske kalifatet til Umar ibn al-Khattab i 637, som garanterte at heilagdomane i byen skulle få vere i fred. I 1099 vart byen erobra av krossfararane, som bygde festningsverk her og erstatta den gresk-ortodokse prestestanden med ein latinsk ein. Den latinske prestestanden vart drivne bort etter at byen vart erobra av Saladin, sultanen av Egypt og Syria. Då mamelukkane tok over i 1250, vart bymurane øydelagde, og sidan bygde opp att under styret til Det osmanske riket.[8]

Britane fekk kontroll over byen under fyrste verdskrigen og han var ein del av ei internasjonal sone i delingsplanen til Dei sameinte nasjonane for Palestina i 1947. Jordan annekterte byen under den arabisk-israelske krigen i 1948. Han vart erobra av Israel i seksdagarskrigen i 1967. Sidan 1995 har Betlehem vore styrt av Dei palestinske sjølvstyresmaktene.[8]

Betlehem har i dag ein muslimsk majoritet, men har òg eit av dei største palestinske kristne samfunna. Hovudnæringa i Betlehem er i dag turisme og høgsesongen er juletida, då kristne pilegrimar stimar seg kring Fødselskyrkja. Betlehem har over tretti hotell og tre hundre handverksbutikkar.[9] Rakelgrava, som er ein viktig jødisk heilag stad, ligg nord i Betlehem.

  1. Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet PCBS
  2. Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet PCBS07
  3. Newspapers Review: Youth Protests Dominate Daily's Front Page. Wafa. 2012-11-14. Arkivert 24. desember 2013 på Wayback Machine.
  4. Amara, 1999, s. 18.
  5. Brynen, 2000, s. 202.
  6. Kaufman, David; Katz, Marisa S. (16. april 2006). «In the West Bank, Politics and Tourism Remain Bound Together Inextricably - New York Times». The New York Times. Arkivert frå originalen 15. juni 2013. Henta 1. oktober 2015. 
  7. «Places to Visit In & Around Betlehem». Betlehem Hotel. Arkivert frå originalen 3. desember 2013. Henta 30. september 2015. 
  8. 8,0 8,1 «History and Mithology of Betlehem». Betlehem Municipality. Arkivert frå originalen 13. januar 2008. Henta 1. oktober 2015. 
  9. Patience, Martin (22. desember 2007). «Better times return to Betlehem». BBC News (BBC MMVIII). Arkivert frå originalen 6. januar 2014. Henta 1. oktober 2015. 

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne