Druk Yul (Dru Ü)
(norsk: Bhutan, bhutansk) | |||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|
| |||||||
Nasjonalsong | «Druk tsendhen» | ||||||
Motto | Ingen | ||||||
Offisielle språk | Dzongkha | ||||||
Hovudstad | Thimphu | ||||||
Styresett |
Monarki Jigme Khesar Namgyal Wangchuck Jigme Thinley | ||||||
Flatevidd – Totalt – Andel vatn |
38 394 km² (134.) Ubetydeleg | ||||||
Folketal – Estimert (2017) – Folketeljing (2002) – Tettleik |
758 288 (161.) 2 094 176 19,8 /km² (162.) | ||||||
Sjølvstende |
Historisk | ||||||
Nasjonaldag | 17. desember | ||||||
BNP – Totalt (2015) – Per innbyggjar |
6 383 mill. USD (161.) 8 400 USD (119.) | ||||||
Valuta | Ngultrum | ||||||
Tidssone | UTC +6 | ||||||
Telefonkode | +975 | ||||||
Toppnivådomene | .bt
|
Bhutan er eit lite land i Himalaya i Sør-Asia. Landet grensar til India og Folkerepublikken Kina. Det eigentleg namnet på Bhutan, Druk Yul (uttala dru ü), tyder drakelandet.
Landet er kjend for å vera eitt av dei mest avsondra i verda gjennom ein medviten politikk ført av dei bhutanske kongane. Mellom anna er det påbode å bera tradisjonelle klede. Få utlendingar har fått reisa inn i landet, og moderne massemedia har vore haldne ute. I dag er likevel både turisme og media i vekst.
Fram til 1998 hadde kongen totalitær makt i landet, men etter det har han gradvis gjeve frå seg meir og meir makt. Kong Jigme Singye Wangchuck gjennomførte ein prosess som leidde fram til valet i Bhutan 2008, det første frie valet i landet. Singye abdiserte i 2006, og overlét trona til den unge sonen Jigme Khesar Namgyal Wangchuck. Bhutan vil framleis vera eit monarki, og begge partia som stilte ved valet la stor vekt på rolla til kongen.