Bill Szymczyk | |||
| |||
Fødd | 13. februar 1943 (81 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Muskegon | ||
Fødenamn | William Frank Szymczyk | ||
Opphav | Muskegon i Michigan i USA | ||
Aktiv | 1967 til i dag | ||
Sjanger | Rock | ||
Tilknytte artistar | B. B. King, Michael Stanley, James Gang, Joe Walsh, Eagles, The J. Geils Band | ||
Plateselskap | ABC Records, Tumbleweed Records | ||
Verka som | Produsent, lydteknikar |
William Frank «Bill» Szymczyk (fødd 13. februar 1943) er ein amerikansk produsent og lydteknikar, mest kjend for å ha arbeidd med rock- og bluesartistar, som Eagles i 1970-åra. Han produserte mange bestseljande album og singlar i 1970-åra, før han trekte seg få musikkindustrien i 1990. Han dukka opp att seint i 2000-åra med fleire prosjekt, som Eagles-albumet Long Road Out of Eden i 2007 og debutplata til Brian Vander Ark i 2008.
I motsetnad til mange plateprodusentar, har ikkje Szymczyk noko bakgrunn som musikar. Han var opphavleg ein sonar-operatør i den amerikanske marinen og tok nokre kurs i lydproduksjon som ein del av opplæringa si i marinen. Utanom å ha arbeidd med Eagles, har han produsert hitsongar og album for artistar som B.B. King, Joe Walsh, The James Gang og Elvin Bishop.