Billy Preston

Billy Preston

Preston visiting the White House in 1974
Fødd2. september 1946(1946-09-02)
FødestadHouston i Texas
Død6. juni 2006 (59 år)
DødsstadScottsdale i Arizona
FødenamnWilliam Everett Preston
OpphavUSA
Aktiv1956–2005
SjangerR&B, rock, soul, funk, gospel
InstrumentVokal, klaverinstrument
Tilknytte artistarLittle Richard, Syreeta, Sam Cooke, The Beatles, Sly & the Family Stone, King Curtis, The Rolling Stones, Ray Charles, George Harrison, Ringo Starr & His All-Starr Band, Eric Clapton
PlateselskapDerby, Vee-Jay, Capitol, Apple, Buddah, A&M, Motown
Verka somMusikar, låtskrivar, produsent
PrisarRock and Roll Hall of Fame

William Everett Preston (2. september 19466. juni 2006) var ein USA-amerikansk musikar innan R&B, rock, soul, funk og gospel. Preston var ein av dei mest etterspurte studiomusikarane på klaverinstrument i 1960-åra og spelte på den tida med artistar som Little Richard, Sam Cooke, Ray Charles og The Beatles. Han vart så kjend som soloartist med popsinglane «That's the Way God Planned It», «Outa-Space», «Will It Go Round in Circles», «Space Race» og «Nothing from Nothing». I tillegg var Preston med å skrive «You Are So Beautiful», som vart ein stor hit for Joe Cocker. Stephen Stills bad Preston om han kunne bruke uttrykket hans «if you can't be with the one you love, love the one you're with» og skapte ein hit song av det.[1]

Preston var den einaste musikaren som er omtalt på ei Beatles-plate andre enn dei fire gruppemedlemmane. Han spelte på hitten «Get Back» som er tilskriven «The Beatles with Billy Preston». Preston fortsette å spele med andre artistar, som George Harrison etter Beatles vart oppløyst, og Eric Clapton, og han spelte klaverinstrument for The Rolling Stones på mange av albuma og turneane deira i 1970-åra.

Miles Davis-albumet Get Up with It (1974) har ein song kalla «Billy Preston» til ære for han.

  1. «Song Stories: Love The One You're With». Rolling Stone. Henta 21. juli 2017. 

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne