Biologiske prosessar er dei prosessane som krevst for å halde ein organisme i live. Biologiske prosessar er samansett av ei rekkje kjemiske reaksjonar og andre hendingar som fører til transformasjon.
Regulering av biologiske prosessar førekjem der frekvensen, snøggleiken eller omfanget av ein prosess blir modulert. Dei kan regulerast på mange måtar, til dømes ved kontrollering av genuttrykk, modifisering av protein eller samhandling med ulike protein- og substratmolekyl.
Andre døme på biologiske prosessar er cellevekst, celledifferensiering, fermentering, fertilisering, spiring, tropisme, hybridisering, metamorfose, morfogenese, fotosyntese og transpirasjon.