Bjerkreim kommune

Bjerkreim kommune
kommune
Kommunevåpen
Land  Noreg
Fylke Rogaland
Adm.senter Vikeså
Areal 651 km²
 •  land 580 km²
 •  vatn 71 km²
Folketal 2 892  (1. januar 2024)
Målform nøytral
Ordførar Tone Vaule (Ap)
Kommunenr. 1114
Kart
Bjerkreim kommune
58°39′25″N 6°08′48″E / 58.656944°N 6.146667°E / 58.656944; 6.146667
Kart som viser Bjerkreim kommune.
Kart som viser Bjerkreim kommune.
Kart som viser Bjerkreim kommune.
Wikimedia Commons: Bjerkreim
Nettstad: www.bjerkreim.kommune.no

Bjerkreim kommune ligg sør-aust i Rogaland fylke og grensar i nord til Gjesdal, i sør til Eigersund, i vest til og Time og i aust til Sirdal i Vest-Agder fylke. Delar av kommunen er rekna å vera ein del av Høg-Jæren, men kommunen vert mest sett på som ein del av regionen Dalane.

Kommunesenteret Vikeså ligg ved E39, hovudvegen mellom Stavanger, Kristiansand og Oslo. Den andre tettstaden i kommunen er Røysland (524 innbyggjarar per 1. januar 2023) som også ligg ved E39. Gloppedalsura, den største steinura i Nord-Europa, ligg i Bjerkreim. Då tyskarane rykte fram våren 1940 under den andre verdskrigen, møtte dei sterk motstand frå norske styrkar i Gloppedalsura. Hendinga vert omtala som kampane i Gloppedalsura. Bjerkreimselva, som renn gjennom mest heile kommunen, er eit vassdrag med mykje laks.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne