Black Tie White Noise Studioalbum av David Bowie | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 5. april 1993 | |
Innspelt | Juni til september 1992 | |
Studio |
| |
Sjanger | ||
Lengd | 56:24 | |
Selskap |
| |
Komponist | David Bowie | |
Produsent |
| |
David Bowie-kronologi | ||
---|---|---|
Early On (1964–1966) (1991) |
Black Tie White Noise | The Buddha of Suburbia (1993)
|
Singlar frå Black Tie White Noise | ||
|
Black Tie White Noise er det 18. studioalbumet til den engelske musikaren David Bowie. Det kom ut i 1993 og var det første soloalbumet hans i 1990-åra og det første soloalbumet på nesten seks år, etter at han i mellomtida hadde brukt tida si i hardrockbandet Tin Machine, og skrinlagd alle dei gamle hittane sine på Sound+Vision-turneen, og gifta seg med supermodellen Iman. Dette albumet var eit forsøk på å lage «ein slags ny melodisk form for house-musikk». Han fekk med seg den gamle gitaristen frå Ziggy Stardust-tida, Mick Ronson, som døydde av kreft 24 dagar etter albumet kom ut. Albumet var inspirert av bryllaupet til Bowie og inneheld songar som «The Wedding» og ein reprise på slutten av albumet som ein song skriven i høve hendinga.
Albumet vert ofte rekna som starten på ein kunstnarisk renessanse for Bowie, etter at den kreative entusiasmen og karrieren hadde slite i midten og seint i 1980-åra etter ei rekkje dårleg motteke prosjekt.[n 1]
Albumet debuterte på toppen av UK Albums Chart, som var den siste førsteplassen hans i Storbritannia fram til The Next Day (2013).
<ref>
-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet allmusic-review
Referansefeil: <ref>
-merke finst for gruppenamnet «n», men inkje samsvarande <references group="n"/>
-merke vart funne