Bled (tysk Veldes) er ein turistby ved Bledsjøen (på tysk Veldeser See, slovensk Blejsko jezero) i den nordvestlege delen av Slovenia, nokre få kilometer sør for grensa til Austerrike, og om lag 50 kilometer nordvest for hovudstaden Ljubljana. Byen Bled hadde 5.164 innbyggarar i 2002, det administrative området hadde om lag 11.300 innbyggarar.
Turismen starta for alvor med dei første badeanlegga i 1895.