Blekksprutar

Blekksprutar
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Underrike: Bilaterale dyr Bilateria
Infrarike: Protostomia
Rekkje: Blautdyr Mollusca
Underrekkje: Conchifera
Klasse: Blekksprutar Cephalopoda
Cuvier, 1797

Blekksprutar (eller blekkspruter; lat. Cephalopoda) er ein klasse blautdyr kjenneteikna av eit framståande hovud og fleire armar eller tentaklar. Blekksprutar lever i alle hav og på alle djupner. Ingen av dei toler ferskvatn, men nokre få artar kan leva i brakkvatn.

Klassen har om lag 786 nolevande artar som er delt opp i to underklassar. I underklassen Nautilodea finn me blekksprutar med eit ytre skal, medan dyr i Coleoidea har skalet innvendig eller manglar det heilt.

I Noreg er dei vanlegaste typane ti-arma blekksprutar, akkar, og Loligo forbesi.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne