Blind Dog at St. Dunstans

Blind Dog at St. Dunstans
Studioalbum av Caravan
Språk engelsk
Utgjeve 23. april 1976
Sjanger Progressiv rock, Canterbury scene
Lengd 46:20
Selskap BTM (Storbritannia)
Arista (USA)
Produsent David Hitchcock
Caravan-kronologi 
Cunning Stunts
(1975)
Blind Dog at St. Dunstans Better by Far
(1977)


Blind Dog at St. Dunstans er det sjuande studioalbumet til Canterbury scene-bandet Caravan, utgjeve 23. april 1976.

Albumet har ein lettare stil enn dei tidlegare utgjevingane til Caravan, og syner eit skifte mot kortare og meir popaktige songar. Dette kom av at Pye Hastings dominerte meir på albumet. Han skreiv og song åtte av ni songar. I tillegg erstatta Jan Schelhaas Dave Sinclair på klaverinstrument, og dei gjekk bort frå lange, orgelbaserte instrumentalar mot meir piano og synthesizer.

Både tittelen og plateomslaget har fleire element som er knytte til Canterbury. St. Dunstan var erkebiskop i Canterbury.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne