Blod

Raude blodceller.

Blod er ei væske som sirkulerer i blodårene til dyr og menneske. Det er sett saman av blodplasma og blodlekamar. Blodet fraktar oksygen og næringsstoff til cellene og avfallsstoff vekk. Det blir pumpa rundt i kroppen av hjartet.

Blodet får raudfargen sin frå hemoglobin i dei raude blodlekamane. Blodet inneheld òg kvite blodlekamar som går til åtak på framande organismar i kroppen.

Menneske kan ha ulike blodtypar. Desse blir klassifisert i ulike system, som ABO-systemet og Rh-systemet.

Det finst tre hovudtypar av blodlekamar:

  • Raude blodlekamar (transporterer oksygen frå lungene til cellene rundt omkring i kroppen)
  • Kvite blodlekamar
  • Blodplater (stansar blødningar)

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne