Blood on the Tracks Studioalbum av Bob Dylan | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 20. januar 1975 | |
Innspelt | 16. til 19. september 1974 og 27–30. desember 1974 | |
Studio | A & R Recording i New York og Sound 80 i Minneapolis | |
Sjanger | Folkrock | |
Lengd | 51:42 | |
Selskap | Columbia | |
Produsent | Bob Dylan | |
Bob Dylan-kronologi | ||
---|---|---|
Before the Flood (1974) |
Blood on the Tracks | The Basement Tapes (1975)
|
Singlar frå Blood on the Tracks | ||
|
Blood on the Tracks er det 15. studioalbumet til Bob Dylan, gjeve ut på Columbia Records i januar 1975. Albumet var det første til Dylan på Columbia etter to album på Asylum Records.
Dylan sette i gang innspelinga av albumet i New York City i september 1974. I desember, like før Columbia skulle gje ut albumet, spelte Dylan brått inn mange av songane på nytt i eit studio i Minneapolis. Det endelege albumet inneheld fem songar frå New York og fem frå Minneapolis.
Blood on the Tracks fekk først middels kritikk, men har sidan blitt hylla som eit av dei beste albuma til Dylan av både fans og kritikarar. Songane er blitt knytte til personlege problem Dylan hadde på denne tida, mellom anna det skrantande forholdet til den dåverande kona Sara. Eit av borna deira, Jakob Dylan, sa «det er foreldra mine som snakkar i desse songane».[11] Det vert òg ofte rekna for å ha sett standarden for bekjennande singer-songwriter-album og er blitt kalla «den mest sanne, mest ærlege forteljinga frå byrjinga til slutten av eit kjærleiksforhold som er festa til lydband».[12] I intervju har Dylan nekta for at songane på albumet er sjølvbiografiske. I 2003 vart albumet rangert på 16. plassen på lista til Rolling Stone over ei 500 beste albuma gjennom tidene og i 2004 vart det rangert på femteplassen på Pitchfork si liste over dei 100 beste albuma frå 1970-åra.[13]
Albumet gjekk til topps på Billboard 200-lista, nådde fjerdeplassen på UK Albums Chart og andreplassen på VG-lista i Noreg. Singelen «Tangled Up in Blue» nådde 31. plassen på Billboard Hot 100-lista. Albumet er eit av dei bestseljande Dylan-albuma og har seld til dobbel platina i USA.[14] I 2015 vart det innlemma i Grammy Hall of Fame.[15]
<ref>
-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet Christgau