Blowin' Away

Blowin' Away
Studioalbum av Joan Baez
Språk engelsk
Utgjeve Juni 1977
Innspelt 1977
Sjanger Softrock, viser
Lengd 40:24
Selskap Portrait
Produsent David Kershenbaum, Bernard Gelb
Joan Baez-kronologi 
Gulf Winds
(1976)
Blowin' Away Best of Joan C. Baez
(1977)


Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic2/5 stars lenkje
Rolling Stonelenkje

Blowin' Away var eit studioalbum frå 1977 av Joan Baez. Det var det første albumet hennar etter ho gjekk frå A&M Records til Portrait Records (ein då ny etikett under CBS Records).

Albumet var meir mot mainstream pop enn noko anna album Baez hadde spelt fram til då, men mange kritikarar meinte at ho verka ukomfortabel med den «nye stilen» sin. Blant songane ho spelte inn var Rod Stewart-hitten «Sailing» og standardlåten «Cry Me a River», i tillegg til fleire av Baez sine eigne songar. Den spottande «Time Rag» fortel soga om eit avbrote forsøk på eit intervju med Time.

Baez skreiv «Altar Boy and the Thief» som ei hyllest til den homofile fansen hennar.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne