Blu-ray Disc (forkorting BD) er eit optisk lagringsmedium utvikla av ei gruppe elektronikkselskap, først og fremst for avspeling av høgoppløyst film. Blu-ray konkurrerte med HD-DVD om å verte den neste standarden for optiske medium, det vil seie etterfølgjaren til DVD. Etter at Toshiba 19. februar 2008 uttalte at dei avslutta satsinga si på HD-DVD, var det Blu-ray som vart denne etterfølgjaren.[1]
Namnet Blu-ray Disc kjem frå den blåfiolette laserljoset som vert nytta til lesing og skriving til platene.