Blue Valentine Studioalbum av Tom Waits | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | Oktober 1978 | |
Innspelt | 24. juli-26. august 1978 | |
Sjanger | Blues-rock, viser | |
Lengd | 49:09 | |
Selskap | Asylum | |
Produsent | Bones Howe | |
Tom Waits-kronologi | ||
---|---|---|
Foreign Affairs (1977) |
Blue Valentine | Heartattack and Vine (1980)
|
Blue Valentine er det sjette albumet til Tom Waits frå 1978 på Elektra Entertainment.
Waits gjorde nokre endringar på dette albumet i forhold til åra før. Han tilførte elektrisk gitar og elektrisk piano og hadde langt færre av balladane prega av piano og strykarar. I tillegg var albumet i mykje større grad bluesprega og ikkje så jazzaktig som dei tidlegare albuma.
Albumet opnar med ei utgåve av «Somewhere» frå West Side Story. «Christmas Card from a Hooker in Minneapolis» er ein typisk Waits-ballade der teksten, som opnar med «Charlie I'm pregnant...», er eit tenkt julekort frå ei prostituert dame i Minneapolis.
På baksida av plateomslaget kan ein sjå bilete Rickie Lee Jones på eit bilpanseret. Ho var kjæraste til Tom Waits på denne tida.