Blue Jean

Blue Jean
Singel av David Bowie
frå albumet Tonight
B-side

«Dancing with the Big Boys»

Utgjeve 1. september 1984
Innspelt Mai 1984
Studio Le Studio, Morin-Heights i Quebec i Canada
Sjanger
Lengd 3:08
Selskap EMI America - EA181
Tekstforfattar David Bowie
Låtskrivar(ar) David Bowie
Produsent
David Bowie-kronologi 
«White Light/White Heat»
(1983)
Blue Jean «Tonight»
(1984)


«Blue Jean» er ein song skriven og spelt inn av den engelske musikaren David Bowie for det sekstande studioalbumet hans, Tonight (1984). Songen var ein av berre to songar på albumet som var skriven av Bowie aleine. Han vart gjeven ut på singel før albumet kom ut og han nådde sjetteplassen i Storbritannia og åttandeplassen i USA. Songen er laust inspirert av Eddie Cochran.[2]

Etter den store salssuksessen med det forrige albumet til Bowie, Let's Dance, singlane frå dette albumet og Serious Moonlight-turneen, vart «Blue Jean» lansert med ein 21 minuttar lang kortfilm kalla Jazzin' for Blue Jean, regissert av Julien Temple.[2] Den delen av kortfilmen der songen vart framført vart sidan redigert ut som ein vanleg musikkvideo. Filmen vann prisen for beste video i kort form, seinare kalla «beste musikkvideo» under Grammyprisutdelinga året etter. Det var den einaste Grammyprisen Bowie vann medan han levde, sjølv om han fekk fire prisar for albumet Blackstar (2016) posthumt.[3]

«Blue Jean» vart spelt på fleire av turnane til Bowie: Glass Spider-turneen (1987), Sound+Vision-turneen (1990) og Reality-turneen (2004).

  1. Inskeep, Thomas (12. juli 2005). «On Second Thought: David Bowie - Tonight». Stylus Magazine. Arkivert frå originalen 24. september 2015. Henta 25. juni 2015. 
  2. 2,0 2,1 Murray, Charles Shaar (25. oktober 1984), «Let's Talk, A Conversation with David Bowie», Rolling Stone magazine (433): 14, 18, 74 
  3. «Archived copy». Arkivert frå originalen 5. september 2021. Henta 5. september 2021. 

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne