Blue Studioalbum av Joni Mitchell | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 22. juni 1971 | |
Innspelt | 1971 | |
Studio | A&M i Hollywood | |
Sjanger | ||
Lengd | 35:41 | |
Selskap | Reprise | |
Produsent | Joni Mitchell | |
Joni Mitchell-kronologi | ||
---|---|---|
Ladies of the Canyon (1970) |
Blue | For the Roses (1972)
|
Blue er det fjerde studioalbumet til den kanadiske visesongaren Joni Mitchell, gjeve ut 22. juni 1971 på Reprise Records. Det var skrive og produsert av Mitchell aleine og spelt inn i 1971 i A&M Studios i Hollywood i California. Ho utforskar her forskjellige sider av kjærleiksforhold frå ulukkeleg kjærleik på «A Case of You» til utryggleik på «This Flight Tonight». Songane har eit enkelt akkompagnement for piano, gitar og Appalachian dulcimer. Albumet fekk rosande omtale og nådde tredjeplassen på UK Albums Chart, niandeplassen på den kanadiske RPM-lista og 15. plassen på Blllboard 200.
I dag vert Blue generelt rekna som eit av dei beste albuma gjennom tidene av musikkskribentane. Måten songane var skrivne og komponerte på av Mitchell, i lag med synginga hennar, fungerer alle godt saman. I 2020 vart Blue rangert som det tredje beste albumet gjennom tidene i Rolling Stone på lista deira over dei 500 beste albuma gjennom tidene. Dette var den høgaste plasseringa til ein kvinneleg artist.[1] Det vart òg røysta fram til 24. plassen i den tredje utgåva av Colin Larkin-boka All Time Top 1000 Albums (2000). I juli 2017 vart Blue valt ut av NPR som det beste albumet gjennom tidene laga av ei kvinne.[2]