Blyantar er skrivereiskaper hovudsakleg bygd opp av ei «blykjerne» og virke, som er eit beskyttande tredekke rundt kjernen. Namnet blyant kjem frå det tyske Bleierz som tyder blymalm, og byggjer på den mistydinga at det skulle vere bly-haldig malm i blyanten. «Blyet» er ikkje bly, men ei blanding av grafitt og leire (bly vil likevel bli brukt i det følgjande).
For finare blyanter vert virket laga av den raude, velduftande kjerneveden i blyanttreet. Dette treet kan bli opptil 30 meter høgt, og er ein amerikansk eineart.
Blyantar blir hovudsakleg brukt til å skrive og teikne med (som oftast på eit papir, som består av cellulose). Dette gjer blyanten svært attraktiv blant folk som skriv mykje, blant anna fordi det lett går an å viske ut det vi har skrive (mange blyantar har til og med eit viskelêr på tuppen).