Bob Geldof

Bob Geldof

Fødd5. oktober 1951 (73 år)
FødestadDún Laoghaire
OpphavIrland
Aktiv1975–
Sjangerrock, pop, folkrock
Instrumentvokal, gitar
PlateselskapPolydor Records
Verka somsongar-låtskrivar, skodespelar, songar, skribent, filmskodespelar
MorEvelyn Weller
FarBob Geldof
Gift medPaula Yates
BornPeaches Geldof, Pixie Geldof, Fifi Trixibelle Geldof
PrisarPeabody Award, Knight Commander of the Order of the British Empire, Nord-Sør-prisen, Steiger Award, The Nichols-Chancellor's Medal, Patron’s Medal, Amadeus Austrian Music Award, M100 Media Award

Robert Frederick «Bob» Geldof (fødd 5. oktober 1951) er ein irsk songar, låtskrivar, skodespelar og politisk aktivist. I den første fasen av karrieren sin var han frontfigur i rockebandet Boomtown Rats, som er kjent for songen «I Don't Like Mondays». I 1982 spelte han hovudrolla i Pink Floyd-filmen The Wall. Han er elles mest kjend for å ha sett i gang Live Aid og Live 8.

I 1984 skreiv Geeldof og Midge Ure, hitsongen «Do They Know It's Christmas?», som blei kjend gjennom Band Aid og den seinare konserten Live Aid. Begge hadde til føremål å samla inn penger og gje internasjonal merkemd til svoltkatastrofen i Etiopia. Geldof stod i hovudsak for teksten, medan Ure skreiv musikken og stod for korarrangementene til songen.

Bob Geldof var gift med Paula Yates og hadde tre døtrer med henne: Fifi Trixibelle, Peaches og Pixie. Paula Yates forlét Geldof i 1994 og fekk dottera Tiger Lily i 1996. Då både mor og far hennar døydde, adopterte Geldof henne.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne