Bobby Darin

Bobby Darin

Fødd14. mai 1936
FødestadEast Harlem
Død20. desember 1973 (37 år)
DødsstadLos Angeles i USA
FødenamnWalden Robert Perciville Cassotto
AliasBobby Darin
OpphavBronx i New York i USA
Aktiv1956–1973
SjangerStorband, rock and roll, pop, folk
InstrumentVokalist, gitar, piano, trommer, munnspel, xylofon
PlateselskapDecca, Atco, Capitol, Brunswick, Atlantic, Direction, Motown
Verka somMusikar, låtskrivar, skodespelar
Gift medSandra Dee
PrisarGrammy Award for beste nye artist, Grammy Lifetime Achievement Award, Grammy Award for årets innspilling, stjerne på Hollywood Walk of Fame

Bobby Darin (14. mai 193620. desember 1973), fødd Walden Robert Perciville Cassotto, var ein amerikansk songar, skodespelar og musikar.[1]

Darin spelte songar innan mange musikksjangrar, som pop, rock, jazz, folk og country. Av dei mest kjente innspelingane hans finn ein «Dream Lover», «Mack the Knife» og «Things» Sjølv om det ikkje var offentleg kjend, hadde han store hjarteproblem heile livet og dette motiverte han sterkt til å oppnå suksess innan den avgrensa levetida han frykta han hadde, noko han òg fekk. Han døydde like etter ein hjarteoperasjon i 1973.

Han var òg skodespelar, låtskrivar og starta eigne musikkselskap. Ønsket hans var å «bli hugsa som menneske og som ein stor artist»[2]

Darin gifta seg med Sandra Dee. Dei møttest under innspelinga av filmen Come September (1961). Dei lagde fleire filmar i lag ved Universal Studios som hadde moderat suksess. Dei fekk ein son, Dodd Mitchell Darin, før dei skilde seg i 1967.

Livet hans er skildra i filmen Beyond the Sea frå 2004, der Kevin Spacey spelar hovudrolla og syng. Darin har fått ei stjerne på Hollywood Walk of Fame og vart i 1990 innlemma i Rock and Roll Hall of Fame. I 1959 vann han Grammyprisen for beste nykommar, og i 1962 Golden Globe for beste mannlege nykommar.

  1. Obituary Variety, December 26, 1973.
  2. «How he wanted to be remembered». Bobbydarin.com. 7. august 1997. Henta 22. januar 2011. 

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne