Bobby LaKind | |||
Fødd | 3. november 1945 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | New York i USA | ||
Død | 24. desember 1992 (47 år) | ||
Dødsstad | Los Angeles i California | ||
Fødenamn | Robert Jay LaKind | ||
Opphav | USA | ||
Sjanger | Rock | ||
Instrument | Conga, perkusjon, trommer, vokal | ||
Tilknytte artistar | The Doobie Brothers | ||
Verka som | Musikar, songar, låtskrivar |
Robert Jay LaKind (3. november 1945–24. desember 1992) var ein USA-amerikansk congaspelar, vokalist, låtskrivar og stundom ekstra trommeslagar i The Doobie Brothers. Han var opphavleg lysmann for bandet og vart invitert med som sidemann i studio etter at dei oppdaga at han hadde talent på congatrommer etter ein konsert.[1]
Han døydde av tjukktarmkreft 24. desember 1992. Tidlegare det året heldt bandkollegaene hans to konsertar til inntekt for eit fond som skulle gå til dei to sønene hans, Logan og Travis.[2] He died from terminal colon cancer on December 24 that year, at age 47.[3]