Bohem (frå det franske namnet på Böhmen, Bohême) viser til nokon som lever eit ubunde, ukonvensjonelt liv, gjerne som kunstnar, forfattar, intellektuell eller liknande.[1]
Omgrepet bohémien viste opphavleg til franske sigøynarar, som var komne til landet gjennom Böhmen. På 1800-talet blei omgrepet også teke i bruk om målarar, forfattarar, musikarar og skodespelarar som slo seg ned i sigøynarområde og levde fattigsleg, men «fritt» frå borgarlege konvensjonar. Denne tydinga av ordet blei utbreidd gjennom Scènes de la vie de Bohème (1848) av Henri Murger,[1] som gav inspirasjon til operaen La bohème (1896) av Puccini. «Bohem» blei også brukt om kunstnarkretsar andre stader.