Bokbuss

Vesterålen bokbuss i Sortland.

Bokbuss er ein buss som er fylt med bøker, som fungerer som eit omreisande bibliotek. Bokbussane har ofte faste ruter i distrikta eller til stader og institusjonar der lånarane har vanskeleg for å kome seg til bibliotek. I Noreg er bokbussen ein del av den oppsøkjande bibliotekverksemda tufta i biblioteklova frå 1985 og vert mellom anna drivne av fylkesbiblioteka.

I dei tre vestlandsfylka Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal går òg bokbåten «Epos».


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne