Bookends

Bookends
Studioalbum av Simon & Garfunkel
Språk engelsk
Utgjeve 3. april 1968
Innspelt
  • September 1966
  • Januar og juni 1967
  • Oktober 1967 til februar 1968
Studio Columbia Studio B & E, Manhattan
Sjanger Folkrock
Lengd 29:51
Selskap Columbia
Produsent
Simon & Garfunkel-kronologi 
The Graduate
(1968)
Bookends Bridge over Troubled Water
(1970)


Singlar frå Bookends
  1. «A Hazy Shade of Winter»
    Utgjeve: November 1966
  2. «At the Zoo»
    Utgjeve: Mars 1967
  3. «Fakin' It»
    Utgjeve: August 1967
  4. «Mrs. Robinson»
    Utgjeve: April 1968
  5. «America»
    Utgjeve: 1972

Bookends er det fjerde studioalbumet til Simon & Garfunkel, utgjeve 3. april 1968. Det vart produsert av Paul Simon, Roy Halee og Art Garfunkel.

Bookends var eit konseptalbum der den første sida omhandlar alderdom, medan den andre sida var unytta songar som var meint for filmmusikken til The Graduate, ein film av Mike Nichols frå 1967.

Bookends gjekk heilt til topps i USA og Storbritannia. Fire singlar frå albumet gjekk inn på listene, «A Hazy Shade of Winter», «At the Zoo», «Fakin' It» og «Mrs. Robinson», der sistnemnde gjekk heilt til topps på singellista.

I 2003 kåra VH1 Bookends til det 93. største albumet gjennom tidene. I 2003 vart albumet rangert på 233. plass på lista til Rolling Stone over dei 500 største albuma gjennom tidene.[1]

  1. arkivkopi, arkivert frå originalen 1. juni 2020, henta 4. november 2010 

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne