Bordeaux | |||||
---|---|---|---|---|---|
![]() | |||||
| |||||
Motto «Lilia sola regunt lunam undas castra leonem» (Lilja aleine herskar over månen, bølgjene, slottet og løva) | |||||
Styresmakter | |||||
Land Region Departement |
Frankrike Nouvelle-Aquitaine Gironde | ||||
Geografi | |||||
Flatevidd | 49,36 km² | ||||
Flatevidd - By - Urbant - Storbyområde |
49,36 km² 1 057 km² 3 875,2 km² | ||||
Innbyggjarar - By (2004) - Byområde - Storbyområde |
229 900 753 931 (1999) 925 200 (1999), estimert over 1 mill. i 2006 | ||||
Koordinatar | 44°50′19″N 00°34′42″W / 44.83861°N 0.57833°W | ||||
Tidssone | CET (UTC+1) | ||||
Diverse anna | |||||
Heimeside: www.bordeaux.fr | |||||
Plassering | |||||
![]() |
Bordeaux (oksitansk Bordèu) er ein hamneby sørvest i Frankrike med eit storbyområde med 925 253 innbyggjarar etter ei folketeljing i 1999. I 2006 var det estimert eit folketal på over 1 million innbyggjarar. Byen er hovudstad i regionen Nouvelle-Aquitaine, i tillegg til prefecture (hovudstad) i departementet Gironde. Innbyggjarane i byen vert kalla Bordelais.
Bordeauxvinen har fått namnet sitt frå byen, og har vorte produsert i området her sidan 700-talet. Byen vert rekna som vinhovudstaden i verda, og er vert for Vinexpo, vinindustrien si største storhending på verdsbasis.
Bordeaux er eit senter for forsking innan militæret, romfart og luftfart, i tillegg til konstruksjon knytt til dette.
Med nesten 100 000 studentar er byen sitt universitet kjend for forskingseiningane sine innan landbruk, nye stoff og nanoteknologi.