Borderline Studioalbum av Ry Cooder | ||
Utgjeve | Oktober 1980 | |
Innspelt | Warner Bros. Recording Studio, Burbank, CA | |
Sjanger | Rootsrock | |
Lengd | 43:30 | |
Selskap | Warner Bros. | |
Produsent | Ry Cooder | |
Ry Cooder-kronologi | ||
---|---|---|
Bop till You Drop (1979) |
Borderline | The Slide Area (1982)
|
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
Allmusic | ![]() ![]() ![]() ![]() ![]() |
Borderline er det åttande studioalbumet til Ry Cooder, utgjeve i 1980 på Warner Bros.
På dette albumet held Cooder fram å utforske R&B og soul med elektriske instrument, slik han hadde gjort på det førre albumet, Bop Till You Drop. Cooder spelar den Tex-Mex-aktige «The Girls from Texas», John Hiatt-songen «The Way We Make a Broken Heart», Billy «The Kid» Emerson sin «Crazy 'Bout an Automobile», som Cooder hadde spelt på konsertane sine i mange år, og Maurice & Mac-songen «Why Don't You Try Me». I tillegg spelte han meir kjende 50- og 60-talssongar som Wilson Pickett sin «634-5789».
Allmusic skreiv om albumet: «Borderline har kanskje ikkje den eineståande personlegheita til dei beste albuma hans frå 1970-åra, men er likevel ei solid plate.»