Bossa nova | |||
Stilmessig opphav | |||
---|---|---|---|
Kulturelt opphav | Seint 1950-tal i Rio de Janeiro i Brasil | ||
Avleidde former |
|
Bossa nova er ein musikktype som utvikla seg i Rio de Janeiro på slutten av 1950-talet. «Bossa nova» eller 'ny måte' viser til at stilen er ein ny måte å spela brasiliansk samba på; samba med jazztonar.[1]
Stilarten hadde ei stordomstid i Brasil frå slutten av 1950-talet og byrjinga av 1960-talet, fram til dei politiske omveltingane som enda i militærkuppet i 1964.[1] Stilarten blei svært populær også i enkelte amerikanske jazzmiljø, og fleire bossa nova-songar blei del av standardrepertoaret i jazz. Antônio Carlos Jobim, João Gilberto, Astrud Gilberto, Stan Getz, Herbie Mann, Laurindo Almeida,[1] Frank Sinatra og Ella Fitzgerald er kjente representantar for stilen.