Republic of Botswana
(norsk: Botswana, botswansk) | |||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|
| |||||||
Nasjonalsong | «Fatshe leno la rona» | ||||||
Motto | Pula («regn») | ||||||
Offisielle språk | Engelsk, setswana | ||||||
Hovudstad | Gaborone | ||||||
Styresett |
Republikk Ian Khama | ||||||
Flatevidd – Totalt |
581 730 km² (47.) | ||||||
Folketal – Estimert (2017) – Tettleik |
2 214 858 (142.) 3,8 /km² | ||||||
Sjølvstende frå Storbritannia |
30. september 1966 | ||||||
Nasjonaldag | 30. september | ||||||
BNP – Totalt (2015) – Per innbyggjar |
37 050 mill. USD (113.) 18 400 USD (73.) | ||||||
Valuta | Botswansk pula | ||||||
Tidssone | UTC +2 | ||||||
Telefonkode | +267 | ||||||
Toppnivådomene | .bw
|
Botswana, offisielt Republikken Botswana er ein innlandsrepublikk i det sørlege Afrika. Landet grensar i aust til Zambia og Zimbabwe, i sørvest og sør til Sør-Afrika, og i vest og nord til Namibia.
Namnet Botswana kjem frå namnet på bantufolket, tswanaene (fleirtal Batswana), den største folkegruppa i landet. Geografisk er det flatt, og oppimot 70 % er dekt av Kalahariørkenen. Landet har eit areal på 581 730 km², hovudstaden er Gaborone og det høgste punktet er Tsodilo Hills på 1 489 moh.
Under britisk styre heitte landet Protektoratet Bechuanaland, men tok Botswana som nytt namn etter at det vart sjølvstendig innanfor Samveldet 30. september 1966. Botswana var før sjølvstendet eit av dei fattigaste landa i verda, men har seinare hatt stor økonomisk vekst. I dag vert det rekna som eit av dei mest vellukka demokratia i Afrika. Økonomien er tett bunden opp til Sør-Afrika, og er dominert av gruvedrift, særleg diamantar. Kvegdrift og turisme er også viktige næringsvegar.
Dei tre største folkegruppene i landet er tswanaene, kalangaene og sanfolket. Sistnemnde har sidan midten av 1990-åra vore part i ei usemje med regjeringa, som vil at dei skal flytte frå landområda sine i Kalahariørkenen på grunn av bygging av diamantgruver.