Brandbu | |||
stad | |||
Storlinna på Brandbu
| |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Fylke | Innlandet | ||
Kommune | Gran | ||
Postnummer | 2760 BRANDBU | ||
Ferdselsårer | 34 240 | ||
![]() Brandbu 60°25′15″N 10°30′24″E / 60.420833333333°N 10.506666666667°E | |||
Wikimedia Commons: Brandbu |
Brandbu er eit tettbygd område i Gran kommune på Hadeland i Innlandet fylke. Busetjinga mellom Brandbu og Jaren er vorte så tett at Statistisk sentralbyrå reknar Brandbu/Jaren som ein tettstad med 5 148 innbyggjarar per 1. januar 2024.
Tidlegare var Brandbu kjend som «Augedals bro», og framleis kan ein høyre lokalfolk referere til staden som «Brua». Brandbu var tidlegare eigen kommune, og er framleis eige kyrkjesokn. Soknekyrkja er Nes kyrkje, på nordsida av Røykenvika. Brandbu kommune vart slegen saman med Gran kommune 1. januar 1962.[1]