Ein kommune i Brasil vert kalla município og er den minste politiske administrative eininga i Brasil. Han er lagd under dei føderale einingane (UF – Unidade Federativa, eller delstat). Han har berre to autoritetar, den utøvande (Prefeitura) og den lovgjevande (Câmera de Vereadores). Generelt sett er ein kommune sett saman av ein by, eit hovudsete og omkringliggjande område, men dei kan også vere sett saman av ulike tettstader innanfor det same kommuneområdet. Når byar veks og tar til å nærme seg andre kommunar, får dei namnet metropolregion. Dette skjer til dømes for hovudstadene i delstatane.